Veltepetter

Hensikt

I Veltepetter vil barna vere aktive i moderat til høg intensitet, ved at barna konkurrerer i to lag om å velte eller setje opp kjegler.

Forklaring

  1. Del barna i to lag.
  2. Fordel alle kjeglene utover golvet.
  3. Oppgåva til det eine laget er å velte kjeglene (med hendene), medan det andre laget skal setje dei opp igjen.
  4. Kor mange kjegler ligg og kor mange står etter eitt minutt?
  5. Bytt roller i neste omgang.

Tips

  • Legg gjerne inn ein regel om at det ikkje er lov å velte den same kjegla to gonger på rad, då blir det meir aktivitet.

Utstyr

Kjegler

Alder

0 - 2 år
3 - 5 år

Bevegelsesmiljø

Stor plass
Liten plass

Motorisk ferdighet

Fagområde

Type aktivitet