Hensikt
I denne leiken vil barna utvikle sine motoriske ferdigheiter knytt til forflytning ved at ein nyttar ulike måtar å forflytte seg på.
Forklaring
- Legg nokre få rockeringar på bakken. Dette er buss-stopp.
- Gje eitt eller fleire barn (avhengig av kor mange barn som er med på leiken) ein rockering som dei plasserer seg inni og held rundt magen. Dette er bussen/bussane.
- Dei som ikkje har rockering fordelar seg på buss-stoppa i leikeområdet.
- No kan bussane køyre rundt mellom rockeringane og plukke opp passasjerar som dei fraktar til eit anna valfritt buss-stopp. Passasjerane stig på bussen ved at dei held i ringen bak sjåføren.
- Hugs å bytte sjåførar etter ei stund.
Variasjon
- Dømer på ulike måtar å forflytte seg på: gange, springing, hopp, hinking, som alle kan gjerast framlengs, baklengs eller sidelengs.
Utstyr
Rockeringer