Tautrekking

Hensikt

I Tautrekking får barna utfordra styrken sin i armar og kropp gjennom å dra alt dei kan i tauet. Styrke i armar er viktig for både fin- og grovmotorikk.

Forklaring

  1. Leiken kan anten organiserast som to lag mot kvarandre, eller to barn mot kvarandre.
  2. Legg eit tau på bakken, gjerne med ei sløyfe eller knute på midten av tauet. Lag eit merke på bakken under midten på tauet (strek i grusen eller ei kjegle).
  3. Still barna opp på kvar si side av tauet, anten eit barn på kvar side eller ei gruppe med barn på kvar side. Be barna om å ta eit godt grep med begge hender på tauet.
  4. På startsignal: «Klar, ferdig, DRA!» er det om å gjere å dra det andre barnet eller det andre laget over merket på bakken.
  5. Ha gjerne fleire omgangar, t.d. best av tre.

Tips

  • Barna syns alltid det er morosamt å ha trautekking mot dei vaksne.

Variasjon

  • Ein kan variera med å trekke tauet anten ståande eller sitjande.

Utstyr

Slengtau

Alder

0 - 2 år
3 - 5 år

Bevegelsesmiljø

Stor plass
Liten plass

Motorisk ferdighet

Fagområde

Type aktivitet