Hald ballongen i lufta

Hensikt

I denne leiken blir barna sin balanse, auge-handkoordinasjon og smidigheit utfordra gjennom at barna må forflytte seg etter ballongen og slå den opp i lufta. I leiken må barna óg samarbeide om å løyse oppgåva.

Forklaring

  1. Få barna til å fordele seg utover leikeområdet.
  2. Eitt barn slår ballongen opp i lufta.
  3. No skal barna samarbeide om å halde ballongen i lufta så lenge som mogleg.
  4. Få gjerne barna til å telje undervegs kor mange slag dei saman har på ballongen.
  5. Dersom det er mange barn med i leiken kan ein leggje til fleire ballongar.

Variasjon

  • Ein progresjon i leiken er å gå over til å nytte lette ballar i staden. Dess mindre eller tyngre ballane er, dess vanskelegare blir det for barna å halde dei i lufta.
  • Ein variasjon av leiken er at barna skal halde saman i par og halde ballongen eller ballen i lufta.
  • Ein kan óg leggje inn at barna skal nytte ulike kroppsdelar når dei slår ballen. Då kan den vaksne peike på den kroppsdelen som skal nyttast.
  • Ein ytterlegare progresjon i leiken kan vere at barna skal setje seg på golvet og reise seg igjen, kvar gong ballongen eller ballen blir slått.

Utstyr

Ballongar eller lette ballar (t.d. badeball)

Alder

0 - 2 år
3 - 5 år

Bevegelsesmiljø

Stor plass
Liten plass

Motorisk ferdighet

Fagområde

Type aktivitet