Hensikt
I denne leiken blir barna sine kinestetiske, vestibulære og taktile sansar stimulert. Barna øver og på grunnleggjande motoriske ferdigheiter og styrker overkroppen, i tillegg gjev aktiviteten spenning og sug i magen.
Forklaring
- Finn eit område med ein liten skog. Trea treng ikkje vere høge, men dei må ha gode klatremoglegheiter.
- La barna få utforske området og prøve å komme seg opp over bakken ved å stå på ei grein. Nokre barn må ha hjelp av ein vaksen i starten.
Variasjon
- Barna kan utforske treet, halde balansen på ei grein, gynge på ei grein eller klatre høgare opp i treet.
Utstyr
Ingen krav til utstyr.