Hensikt
I Helikoptersnurr får barna utfordra balansen og likevektssansen sin gjennom ulike måtar å snurre på.
Forklaring
- La barna stå med god avstand til kvarandre. Barna skal no leike at dei er ulike typar helikopter og skal ta mange helikoptersnurrer. For å snurre som eit helikopter, strekkjer ein armane rett ut frå kroppen og snurrar fort rundt.
- Etter kvart som barna har prøvd å snurre litt, kan ein til dømes variere mellom:
-
- Natthelikopter: lukkar augene mens ein snurrar
- Baby-helikopter: set seg på rumpe, strekkjer beina opp i vêret og snurrar rundt ved hjelp av hendene
- Bestemor-helikopter: snurrar rundt i roleg fart
- Ballerina-helikopter: står på tå med armane opp over hovudet og snurrar rundt
- Redningshelikopter: snurrar raskt rundt
Variasjon
- Finn gjerne på nye typar helikopter saman med barna.
- Ein kan nytte terning og snurre like mange rundar som augene på terningen viser.
- Bruk gjerne musikk. Når musikken stoppar skal barna til dømes vere «ballerina-helikopter».
Utstyr
Ingen krav til utstyr.