![](https://aktivibarnehagen.no/wp-content/uploads/2021/06/dra-akebrett-stafett-1140x641.jpg)
Hensikt
I denne aktiviteten blir spesielt barnet sin likevektssans og balanse utfordra.
Forklaring
- Eitt eller fleire barn sett seg på ei akematte.
- Den vaksne dreg matta med barn etter seg i ulike retningar, som rett fram, i 8-tal, sikksakk osb.
Variasjon
- Ein kan auke vanskegrada ved at barna skal liggje på magen eller ryggen, sitje på rumpa, stå på kne eller stå på alle fire.
- Barna kan óg dra kvarandre.
- Ein kan óg leike i par, der det eine barnet sit på kne på eit rumpeakebrett og held i eit tau som det andre barnet brukar for å dra og snurre rundt.
- Kan barna finne nye løysingar for korleis dei kan skubbe og dra kvarandre på leikeområdet?
Utstyr
Akematte eller rumpeakebrett