
Hensikt
I Foto-orientering øver barna på grunnleggjande motoriske ferdigheiter og romorientering. Aktiviteten stimulerer den taktile og kinestetiske sansen.
Forklaring
- Ta bilete av gjenkjennelege ting på uteområde eller naturområde.
- Lag eit merke på biletet der posten skal hengje.
- Heng ut postar, kan vere eit bilete, ein puslebit eller ein leike som barna skal ta med tilbake.
- Ein vaksen og to – tre barn går saman. Gruppa får med seg eit bilete, finn posten, kjem attende til utgangspunktet og får eit nytt bilete.
Variasjon
- Ta bilete av fleire detaljar eller eit større område.
Utstyr
Bilete tatt av barnehagen sitt uteområde eller nærmiljø