Helikoptersnurr

Hensikt

I Helikoptersnurr får barna utfordra balansen og likevektssansen sin gjennom ulike måtar å snurre på.

Forklaring

  1. La barna stå med god avstand til kvarandre. Barna skal no leike at dei er ulike typar helikopter og skal ta mange helikoptersnurrer. For å snurre som eit helikopter, strekkjer ein armane rett ut frå kroppen og snurrar fort rundt.
  2. Etter kvart som barna har prøvd å snurre litt, kan ein til dømes variere mellom:
    • Natthelikopter: lukkar augene mens ein snurrar
    • Baby-helikopter: set seg på rumpe, strekkjer beina opp i vêret og snurrar rundt ved hjelp av hendene
    • Bestemor-helikopter: snurrar rundt i roleg fart
    • Ballerina-helikopter: står på tå med armane opp over hovudet og snurrar rundt
    • Redningshelikopter: snurrar raskt rundt

Variasjon

  • Finn gjerne på nye typar helikopter saman med barna.
  • Ein kan nytte terning og snurre like mange rundar som augene på terningen viser.
  • Bruk gjerne musikk. Når musikken stoppar skal barna til dømes vere «ballerina-helikopter».

Utstyr

Ingen krav til utstyr.

Alder

0 - 2 år
3 - 5 år

Bevegelsesmiljø

Stor plass
Liten plass

Motorisk ferdighet

Fagområde

Type aktivitet