Stein – saks – papir

Hensikt

I leiken Stein – saks – papir blir barna utfordra på å halde fleire oppgåver i fokus samstundes ved at dei både skal ta andre barn, samt unngå å bli tatt av andre barn. Dei må nytte arbeidsminne for å hugse kva for barn dei skal fange, samt kva for barn dei skal unngå å bli tatt av.

Forklaring

  1. Kvar barn får eit kort som visar kva dei er: stein, saks eller papir.
  2. På signal skal barna prøve å ta barn, samt unngå å bli tatt sjølve: Barna som er stein, skal ta barna som er saks. Barna som er saks, skal ta barna som er papir. Barna som er papir, skal ta barna som er stein.
  3. Når eit barn blir tatt, set det seg ned på huk.
  4. Eit barn kan bli fritt igjen, om eit barn med same merke hoppar over det.

Tips

  • Vis gjerne leiken fyrst, ved at tre barn leikar.
  • Dei fyrste rundane kan ein gjerne leike leiken gåande, og begynne å springe når alle barna har forstått leiken.

Variasjon

  • Ein kan leggje til friområder om ein ynskjer, t.d. nokre rockeringer eller anna, der barna får moglegheit til å ta ein liten pause. Set gjerne ein grense for kor lenge dei kan vere i friområdet, t.d. til dei har telt til 20.

Utstyr

Merker som viser stein, saks eller papir. Last ned her

Alder

0 - 2 år
3 - 5 år

Bevegelsesmiljø

Stor plass
Liten plass

Motorisk ferdighet

Fagområde

Type aktivitet