
Hensikt
I Sykkelløp koplar barna mengde og tal til tal rundar i sykkelløypa.
Forklaring
- Lag ei sykkelløype ved å setje ut kjegler og evt. andre markeringar.
- Barna startar med å trille terningen og skal så sykle same tal rundar i løypa som augene på terningen viser.
- Barna startar med litt avstand, slik at det kan vere fleire barn i løypa samstundes.
Tips
- Lag gjerne fleire løyper slik at det ikkje blir kø i løypene. Ved fleire løyper kan ein óg tilpasse vanskegrada etter alder og føresetnader til barna som er med. Om løypene er forskjellige, kan barna byte løyper undervegs.
Variasjon
- Ein kan organisere aktiviteten som ein stafett, der laga syklar i kvar i løype. Ved at barna triller terningen før dei skal sykle, blir utfallet (vinnarane) av stafetten meir tilfeldig.
- Reis gjerne på sykkeltur utanfor barnehagen.
Utstyr
Syklar
Kjegler
Terning