
Hensikt
I Tautrekking får barna utfordra styrken sin i armar og kropp gjennom å dra alt dei kan i tauet. Styrke i armar er viktig for både fin- og grovmotorikk.
Forklaring
- Leiken kan anten organiserast som to lag mot kvarandre, eller to barn mot kvarandre.
- Legg eit tau på bakken, gjerne med ei sløyfe eller knute på midten av tauet. Lag eit merke på bakken under midten på tauet (strek i grusen eller ei kjegle).
- Still barna opp på kvar si side av tauet, anten eit barn på kvar side eller ei gruppe med barn på kvar side. Be barna om å ta eit godt grep med begge hender på tauet.
- På startsignal: «Klar, ferdig, DRA!» er det om å gjere å dra det andre barnet eller det andre laget over merket på bakken.
- Ha gjerne fleire omgangar, t.d. best av tre.
Tips
- Barna syns alltid det er morosamt å ha trautekking mot dei vaksne.
Variasjon
- Ein kan variera med å trekke tauet anten ståande eller sitjande.
Utstyr
Slengtau