Tresisten

Hensikt

Leiken er ein sistenvariant der barna får opp intensisten når dei kjempar om å nå fram til eit ledig tre.

Forklaring

  1. Barna står ved kvar sitt tre. Det er desse trea som er med på leiken (kan merkast om det er mange andre tre i nærleiken).
  2. Eitt barn står i midten av området, og står ikkje ved eit tre.
  3. Den som står i midten (evt. den vaksne) ropar: «Bytt tre!».
  4. No er det om å gjere for alle å finne seg eit nytt tre å stå ved. Den som stod i midten skal óg finne seg eit tre.
  5. Det barnet som ikkje finn seg eit tre, må no stå i midten og prøve å finne seg eit tre i neste runde.

Variasjon

  • Som ein variasjon kan barna forflytte seg på ulike måtar, gjerne med grovmotoriske rørsler som å hoppe, hinke, galoppere, for å halde intensiteten høg.

Utstyr

Skog/tre

Alder

0 - 2 år
3 - 5 år

Bevegelsesmiljø

Stor plass
Liten plass

Motorisk ferdighet

Fagområde

Type aktivitet