Miljø og miljøvern

Korleis kan me ta vare på naturen vår? Kva høyrer heime i naturen og kva høyrer ikkje heime? Gå på tur i naturen og bli kjent med natur og dyreliv. Undre dykk saman og gje barna kjennskap til naturen, berekraft, søppel, gjenvinning, mat, restemat og kompost. Samle inn naturmateriale eller søppel og lag gjerne noko av det. Lag mat og ny mat av restemat slik at me ikkje kastar mat.

Her finn du forslag til aktivitetar og leikar som motiverer til fysisk aktivitet og som ein kan kople til temaet som de arbeidar med.

Tips til fysisk aktive leikar

Kjeldesortering

I Kjeldesortering får barna øve seg på å sortere ulikt søppel i rett dunk. Ved å gå gjennom sorteringa etterpå kan ein snakke med barna om kva som høyrer til kvar.

Likt og ulikt

Legg ut konkreter og ting der noko høyrer heime i naturen og andre ikkje. Få barna til å hente konkreter og ting som ikkje høyrer heime i naturen.

Naturbingo

Lag eit naturbingo som inneheld nøkkelord innanfor miljø og naturvern.

Kims leik i naturen

Kims leik der det nytter det de finn i naturen, både søppel og naturmateriale. Snakk om det som de finn.

Lotto i ulendt terrreng

Lag lottosett der det eine kortet er ting (søppel) mens det andre kortet er ein søppeldunk. Barna skal finne kortet med søppel som høyrer til søppeldunken som dei fekk.

Utdrag frå Rammeplanen

«Barna skal lære å ta vare på seg sjølve, kvarandre og naturen. Berekraftig utvikling omfattar natur, økonomi og sosiale forhold og er ein føresetnad for å ta vare på livet på jorda slik vi kjenner det. Barnehagen har derfor ei viktig oppgåve i å fremje verdiar, haldningar og praksis for meir berekraftige samfunn» s. 10.

«Barna skal få naturopplevingar og bli kjende med mangfaldet i naturen, og barnehagen skal bidra til at barna opplever tilhøyrsle til naturen» s. 11.

Frå fagområdet Natur, miljø og teknologi:

«Gjennom arbeid med natur, miljø og teknologi skal barnehagen bidra til at barna får kjennskap til naturen og berekraftig utvikling, lærer av naturen og utviklar respekt og gryande forståing for korleis dei kan ta vare på naturen» s. 52.