Dyr og småkryp om hausten

Det er spennande å undre seg over kva som skjer med ulike dyr og insekt om hausten. Ein kan til dømes få kunnskap om bjørn, hoggorm og piggsvin som går i hi. Kva skjer med maurtua og mauren der? Kva skjer med insekta? La barna utforske og danne seg nye erfaringar med naturen.

Her er tips til ulike aktivitetar og leikar som ein kan nytte når ein arbeider med dyr og insekt om hausten.

Tips til fysisk aktive leikar

Kor mange dyr hugsar du?

Lag til laminerte kort med bilete av dyr som de arbeider med og plasser desse langs stien. Barna skal no hugse kva for dyr dei såg langs stien. Den vaksne kan evt. stille spørsmål til barna om kva dei såg langs stien når barna er tilbake.

Slangejakt

Leik at tauet er hoggormen som skal i hi. Barna skal prøve å fange hoggormen.

Mauren og barnålene

Leik Mauren og barnålene i skogen. Få barna til å samle laust naturmateriale som skal illustera barnålene.

Nappe hale

Imitér ulike dyr som de arbeider med under tema.

Bjørnen sover – med ein vri

Ta utgangspunkt i leiken Bjørnen søv-med ein vri og legg til andre dyr som de arbeider med under tema. I leiken får barna imitere rørslemønsteret til ulike dyr.

Togturen

Ta utgangspunkt i leiken Togturen og leit etter dyra i skogen.

Dyresisten

Bruk dyra som de arbeider med i temaet inn i dyresisten. Her får barna imitere rørslemønsteret til ulike dyr.

Stor fangar liten, og liten fangar stor

Lag til kort av store og små dyr og insekt som de arbeider med om hausten.

Naturbingo

Lag til eit naturbingobrett som inneheld nøkkelord om tema.

Lotto i ulendt terreng

Spel lotto i ulendt terreng og øv på nøkkelord som omhandlar dyr og småkryp om hausten.

Utdrag frå Rammeplanen

Frå fagområdet Natur, miljø og teknologi:

«Barnehagen skal bidra til at barna blir glade i naturen og får erfaringar med naturen som fremjar evna til å orientere seg og vere i naturen til ulike årstider» s. 52.

«Gjennom arbeid med natur, miljø og teknologi skal barnehagen bidra til at barna får kunnskap om dyr og dyreliv» s. 52.

«Personalet skal leggje til rette for mangfaldige naturopplevingar og bruke naturen som arena for leik, undring, utforsking og læring» s. 52.

Bingo og lotto

Bingo- og lottokort har mange bruksområde, for eksempel kan dei bli brukt til å øve på nøkkelord knytt til ulike tematikkar som du arbeidar med i barnehagen.

Aktuelle lenkjer

Forskerfrø | Insekter – Læringspakka

For dei eldste:

Naturfag.no | Høst

NRK TV | Ugler i mosen (Sesong 2-episode 15)