
Vennskap – bli kjent
Vennskap og sosial kompetanse er viktige tema i barnehagen. Empati, sjølvregulering, sjølvhevding, prososial åtferd og sjølvkjensle er viktige stikkord for sosial kompetanse. Barna skal bli kjent med kvarandre, få venner og vere ein del av eit fellesskap.
Her er forslag til aktivitetar og leikar som blant anna fremjar sjølvkontroll, samarbeid og sosialt samspel i fysisk aktivitet. Barna får høve til å bli kjende med kvarandre gjennom namneleikar og samarbeidsleikar.
Tips til fysisk aktive leikar

Hund og katt
I Hund og katt står barna saman i ring, og skal samarbeide om å sende to ballar rundt i ringen. Leiken skapar god steming og engasjement i barnegruppa.

Kven er borte?
I Kven er borte? må barna sjå på kvarandre og finne ut kven som er gøymt under teppet.

Lenkjesisten
Lenkjesisten er ein sistenvariant der barna held hender og må samarbeide om å fange fleire barn til lenkja.

Parsisten
I Par-sisten held barna saman i par og må samarbeide om å fange eller unngå å bli fanga av andre barn.

Ta opp poteter
Her ligg barna tett og held kvarandre i hendene. Barna må hjelpe kvarandre slik at ikkje bonden får tatt opp potetene.

Kjeglevelt
I Kjeglevelt er barna delt i grupper som saman skal prøve å velte kjeglene over til den andre gruppa.

Klemmesisten
I denne sistenvarianten må barna unngå å bli tatt og kan klemme kvarandre for å vere trygg.

Leik med fallskjermduk
I Leik med fallskjermduk må barna samarbeide medan dei leikar med fallskjermen.

Hailøp
I ein variasjon av Hailøp, må barna samarbeide i grupper for å forflytte seg frå ei side av rommet til den andre utan å gå på golvet.
Utdrag frå Rammeplanen
“Barnehagen skal vere ein trygg og utfordrande stad der barna kan prøve ut ulike sider ved samspel, fellesskap og vennskap. Barna skal få støtte til å meistre motgang, handtere utfordringar og bli kjende med eigne og andre sine kjensler” s. 11.
“Barnehagen skal fremje vennskap og fellesskap. Sosial kompetanse er ein føresetnad for å fungere godt saman med andre og omfattar ferdigheiter, kunnskapar og haldningar som blir utvikla gjennom sosialt samspel“ s. 22.