Trafikk
Trafikkopplæringa skal utvikle barna sine haldningar og ferdigheiter til å bli ansvarsfulle og trygge trafikantar.
Her er forslag til aktivitetar der ein kan arbeide med trafikk gjennom leik og i fysisk aktivitet.
Tips til fysisk aktive leikar
Sprø trafikklys
Kva betyr raudt og grønt lys? I Sprø trafikklys er barna trafikantar som skal følgje trafikklyset.
Raudt lys
Kva betyr raudt lys? Jo, stopp! Raudt lys er ei god stopp-øving.
Reiseleiaren
Lag til ein late-som-om tur i trafikken. Ein kan vere mjuke trafikantar eller ulike typer køyretøy.
På jakt etter former
Gå tur i trafikken eller på uteområdet om ein har skift. Kva for former har dei ulike trafikkskilta?
Formleik
Klarar barna å lage eit trafikkskilt med kroppen? Ha gjerne nokre skilt å vise som barna skal forme.
Sykkelløp
Lag til ei sykkelløype som barna sykler. Bruk gjerne markering og evt. skilt de har i barnehagen. Mange barnehagar har sykkelbanar som ein kan ta utgangspunkt i.
Bil og garasje
Artig leik der barna får vere ulike kjøretøy. For å kople leiken endå tettare til tema trafikk, kan de leggje inn oppgåver som barna må svare på før garasjen opnar seg.
Vil du køyre buss?
Her får barna køyre buss, og bussjåførane må følgje trafikken. Kanskje har de óg laga til nokre markeringar, der bussane må stoppe i tillegg til buss-stoppa? Bussane må vente med køyre til passasjerane er trygt inne på busshaldeplassen.
Kims leik
Finn ulike konkreter som høyrer til temaet trafikk og bruk desse i leiken. Anten kan barna springe å hente det konkretet som er tatt vekk, eller så kan kvart konkreta vere kopla til ei rørsle.
Kjegletjuv
Denne aktiviteten kan du bruke til å prate om korleis kjegler kan vere ein del av eit trafikkbilete.
Trafikk-hinderløype
Her får barna øve på grunnleggjande trafikkreglar gjennom ei motorisk krevjande løype.
Lotto i ulendt terreng
Spel lotto i ulendt terreng og øv på nøkkelord som omhandlar trafikk.
Naturbingo
Spel bingo i naturen og øv på nøkkelord som omhandlar trafikk.
Utdrag frå Rammeplanen
Frå fagområdet Nærmiljø og samfunn:
«Gjennom arbeid med nærmiljø og samfunn skal barnehagen bidra til at barna utforskar ulike landskap, blir kjende med institusjonar og stader i nærmiljøet og lærer å orientere seg og ferdast trygt» s. 56.
Frå fagområdet Mengd, rom og form:
«Barnehagen skal synleggjere samanhengar og leggje til rette for at barna kan utforske og oppdage matematikk i dagleglivet, i teknologi, natur, kunst og kultur, og ved å sjølve vere kreative og skapande» s. 53.
Bingo og lotto
Bingo- og lottokort har mange bruksområde, for eksempel kan dei bli brukt til å øve på nøkkelord knytt til ulike tematikkar som du arbeidar med i barnehagen.